Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Uppstad og Waade har sidan 2006 utvikla visesjangeren melankomikk, der dei framfører viser om ting alle har sett, men ikkje før lagt merke til. Mest kjent er kanskje visa «Regn fra lyktestolpar», ein musikalsk dialog mellom far og son som eskalerer i bilen ein tidleg, mørk morgon i november. Musikksporet deira er blitt karakterisert som ei blanding av Odd Børretzen, Knutsen & Ludvigsen og James Taylor.
Uppstad & Waade har tidlegare turnert med fire produksjonar, derav den eine i Midtvesten/USA for eit norsk-amerikansk publikum. Dei har gitt ut to album: «Gullbrød og sirkus» (2009) og «Rir i ring» (2015). Ny EP er planlagt første halvdel av 2025.