page view image

Ingid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad fortel og les opp frå si nyaste bok "Ida i Italia".

Informacje
event image
Kor langt er det frå den norske bygda til den italienske kunstverda?

Og kva rolle speler eigentleg Klepp i boka og forfattarskapen? 

"Ida i Italia" er ein roman om kunst og mat, overmot og usikkerheit, om å finna forma som er inne i steinen.

Det er historia om kunstnaren som ung kvinne.
Ho som lengtar vekk, frå den stygge ungdomsskulen og dei aude markene, vekk til alt som er vakkert.
For å bli til, skapa seg, med vilje og hender.
Det er ei bok full av kvit marmor, svart espresso, stor svolt.

Ingrid Z. Aanestad (fødd 1983 i Klepp i Rogaland) er kjend som ein kresen og kompromisslaus forfattar. Ho debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag, og allereie den gongen blei ho peikt på som eit udiskutabelt talent. Ho har sidan gitt ut ytterlegare fem romanar og to essaybøker. På få linjer skapar ho detaljrike scener med stor djupn, og herfrå undersøkjer ho måtar å vera i verda på. Bøkene hennar er utan like i den norske bokheimen.


Foto: Fartein Rudjord

litteratur

Ograniczenia

Vi tar forbehold om endringer i programmet.