page view image

Her på Jæren me potla å synge

Konsert med Torstein Obrestad & Gunnar Tønnesen

Informasjon
event image

Torstein Obrestad er ein av dei markante musikarane på Jæren, som fellesnevnar i gruppene Jærrock, Vind i gardhol og Lappeteppe, der han har komponert, spelt og/eller sunge mange av dei songane som har blitt jærske klassikarar: "Vind i Gardhol" frå 1981-albumet med same namn, og "Damå mi", "Over angane av jord" "Sykkeltur" og "Blom i is" frå jærrockplata "Spor" i 1999.


Plata "Lappeteppe" med tekstar av Tobias Skretting og melodiar av Torstein Obrestad kom ut i 2001, og den har snurra i svært mange jærske heimar sidan då.
Dei jordnære dikta til Skretting har blitt ein del av den lokale kulturarven, og melodiproduktive Obrestad og gruppa hans rammar dei inn i eit tidlaust musikalsk lydbilete.
Dette gjentok seg i utgjevinga "Lappeteppe 2" i 2008, og framleis er songar som "I hagjen sørføre huset", "Strandsong", "Vår i hagjen" og "Framand" å høyre på både landsdekkjande og lokal radio.
I 2010 gjorde gruppa Lappeteppe ein vri og ga ut ein CD med tekstar av Torvald Tu, "Månesyll & tonegull", nok ein gong med god appell til det jærske folket, der youtubevideoen "Musikk" og radiospeling skapte etterspurnad òg i andre landsdelar.

 
Jærrock ga ut sin andre CD i 2022, og der finn me nok òg komande eviggrøne songar.
Gunnar Tønnesen har ein finger med i mykje av det som Obrestad har prestert av musikk, som studioteknikar, produsent, medarrangør og medmusikant.

Torstein Obrestad - piano, orgel og vokal.
Gunnar Tønnesen - gitar, fele, cubansk tres og vokal.


Gratis, men krever påmelding ved kjøp av gratisbillett.

musikk konsert tønnesen obrestad

Ansvarsfraskrivelse

Vi tar forbehold om endringer i programmet.