Foredrag Arbeidernes historielag i Rogaland27okt

Arrangementsinformasjon

"Disse stakler som arbeider i grublerne her". Arbeidarar og arbeidsforhold ved gruvene i Lund 1915-1919.

I dette foredraget vil Ståle Grude-Handeland retta blikket mot dei som arbeidde i gruvene i Lund under den første verdskrigen. I desse åra var det aktivitet ved tre molybdengruver og ei nikkelgruve i utmarka på gardane Gursli, Liland og Skåland. På våren i 1919 arbeidde opp mot 250 menn (og nokre få kvinner) ved desse gruvene. Kommunen, som ved folketellinga i 1910 berre hadde 1610 innbyggjarar, opplevde ei stor tilstrøyming av profesjonelle gruve- og anleggsarbeidarar frå mest alle delar av landet. I tillegg fann me dusinvis svenskar og finnar i den talrike arbeidsstokken. Foredraget vil i stor grad fokusera på arbeidsforholda ved gruvene, arbeidssituasjonen, prosessane og det som elles prega kvardagen til dei som arbeidde der.

Foredraget vil bli streamet/filmet.


foredrag
historie
1.verdskrig
arbeidarar
gruver
lund
gursli
molybden
nikkel
liland
skåland
arbeidsforhold

Ansvarsfraskrivelse

Vi tar forbehold om endringer i programmet.