Dyrk din egen mat

Arrangementsinformasjon

Hadde det ikkje vore gildt å kunna plukka inn ferske grønsaker og urter frå eigen hage neste vår? Kom på inspirasjonsforedrag med Margunn Ueland frå Margunns kjøkkenhage. Ho vil fortelja koss du kan få fram mykje mat sjølv på liten plass. Du vil få gode råd om både jord, kompost, såing, planting og stell og kva grønsaker som er lettaste å få til. Du vil og få svar på kvifor hausten er den beste tida å planleggja kjøkkenhagen.

Margunn er ein populær kurs- og foredragshaldar. Mange kjenner ho frå bloggen "Margunns kjøkkenhage" og boka "Margunns kjøkkenhage - Fersk mat året rundt".

Kjøkkenhageentusiasten er også sertifisert helsecoach, så ho kjem nok også til å sveipa innom kvifor det er så bra for oss å eta meir plantekost, pluss koma med tips om korleis me kan få det til.


mat
hage
dyrking
kjøkkenhage
kompost
næring
jord
såing
planting

Ansvarsfraskrivelse

Vi tar forbehold om endringer i programmet.