Der draumar sviv

Arrangementsinformasjon

I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg.

Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid.

Vokal: Jorunn Undhein

Tangentar: Bjørge Verbaan

Strykarinstrument: Tarjei Nysted

Arrangør: Den kulturelle spaserstokken

konsert
haugtussa
garborg
denkulturellespaserstokken

Ansvarsfraskrivelse

Vi tar forbehold om endringer i programmet.