Leselyst med boka Mamma er trygda av Mímir Kristjánsson

page view image

Tickets Not Available

Tickets not available anymore
event image

Event information

Velkommen til leselyst, bibliotekets opne lesesirkel! Du kan komma ein gong eller alle gongene, alt etter kva du har tid og lyst til. Dersom me ikkje kan møtast fysisk, blir leselyst digitalt.

Bestill boka i god tid før arrangementet. Du kan bestilla i appen Bibliofil, på vår nettside eller på biblioteket. Dersom våre eksemplar er utlånte, tar du kontakt med oss, så bestiller me inn frå eit anna bibliotek. Då kan det gå inntil 1 veke før du får boka.


Om boka:

I boka Mamma er trygda fortel sonen, forfattaren, journalisten og politikaren Mimir Kristjansson, historia om mor si. Det er ei forteljing om tiår med ei alvorleg kreftsjuk mor, om draumar som brast, ein familie som går i oppløysing, om ei klassereise bratt nedover. Det er ei forteljing om ei mor som har så store smerter at tenåringssonen ikkje ser anna løysing enn å kjøpa hasj til ho i skulegarden.  Varmt, inderleg og ofte humoristisk - samtidig med den hardslåande politiske retorikken som kjenneteiknar forfattaren.  


Seinare: 

Leselyst med boka Forventning av Anna Hope 19. okt.




Tags

litteratur
leselyst
lesesirkel
bokklubb
lesing
dengodesamtalen
romaner
Organizer
Klepp bibliotek